Storepiren - feil på straumtilførsel retta
Storepiren - feil på straumtilførsel retta
søndag 2. februar 2020
Heldigvis fann vi feilen som har vore på straumsøylene på storepiren. Det viste seg at feilen var i koblinga på straumsøyla nærast land. Koblingane der hadde over tid blitt liggande i saltvatn og det hadde ført til jordfeil og etterkvart brot på eine fasen.
Skjøyten i overgang fra landkabel til søyle blei fjerna og ledninga frå land direkte kobla på søyla.
Etter alt var gjort var straum tilbake OK på alle punkt samt at alt såg veldig mykje betre ut utan den ekstra skjøyten i renna.
Alle kursar er no slått på så alle båtar som var påkobla har no straum + at lyset igen er tilbake.
Takk til dei som hjalp til.